Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Preses Olav Fykse Tveit under vigslinga i fjor Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Trondheim 20200510. Olav Fykse Tveit ble søndag vigslet til preses og biskop med tilsynsområde i Nidaros.

Kyrkjerådet vil forby konverteringsterapi

NPK-NTB: Kyrkjerådet diskuterte før helga kva innspel det skal gi til forslaget om ei ny lov mot konverteringsterapi, som der blir definert som behandlingsliknande handlingar som har som formål å få ein annan til å endre eller fornekte den seksuelle orienteringa si eller kjønnsidentiteten».

Høyringsfråsegna er ifølgje Vårt Land halde unna offentleg innsyn, men avisa refererer frå dei munnlege diskusjonane.

– Vi må vere veldig tydelege på at dette er noko vi er imot, og noko vi ikkje praktiserer – eller skal praktisere – i Den norske kyrkja, sa preses Olav Fykse Tveit.

Mellom anna går Kyrkjerådet inn for at forbodet må gjelde til fylte 18 år, medan regjeringa i forslaget sitt foreslår ei grense på 16 år.

Rådsmedlem Therese Egebakken understrekar at ho ikkje støttar konverteringsterapi, men var den einaste som stemde imot høyringsfråsegna. Ho spør seg korleis eit forbod skal handhevast.

– Det tenkjer eg er heilt umogleg. Skal ein ha ein statsmann inni bønnerommet som overvakar? Kamera? I slike saker blir det ord mot ord, seier ho til Vårt Land.

Forslaget til regulering av konverteringsterapi vart sendt på høyring i juli i år, og høyringsfristen er 15. oktober.

(@NPK)

Powered by Labrador CMS