Tilsette på merdkanten bidreg til mest verdiskaping i havbruksnæringa. Senja. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Tilsette på merdkanten bidreg til mest verdiskaping i havbruksnæringa. Senja.

Kvar tilsett i matfiskoppdrett skaper verdiar for 4,6 millionar

Publisert Sist oppdatert
Kvar tilsett i havbruksnæringa skaper verdiar for 2,4 millionar kroner, og mest kjem frå dei som jobbar på merdkanten, viser ein rapport.
I matfiskoppdrett gir kvart årsverk 4,6 millionar i verdiskaping, noko som er rundt fire gonger meir enn gjennomsnittet for norsk industri. Det kjem fram i rapporten Havbruksnæringens ringvirkninger», som forskingsinstituttet Nofima la fram onsdag.

Lønnsemda i havbruksnæringa heng saman med den sterke prisauken på laks, men svak kronekurs bidrog òg. I fjor auka verdiskapinga i havbruk med heile 50 prosent.

– Med kraftig auke i salsprisen og dermed god lønnsemd gav det seg store positive utslag for verdiskapinga, seier forskar Audun Iversen, prosjektleiar for rapporten

Den er laga av Nofima på oppdrag frå Fiskeri og forskingsfinansieringa til havbruksnæringa (FHF).

Høgare laksepris og stor skatt

Gjennomsnittleg laksepris steig frå 59 kroner i 2021 til 79 kroner kiloen i fjor. Dette bidrog til ei dobling i driftsmarginen.

Inkludert ringverknader hadde havbruksnæringa ei verdiskaping på 75,7 milliardar kroner, heiter det i rapporten.

Selskapsskatten til næringa er stor, ifølgje rapporten. Med samla selskapsskatt på 7 milliardar kroner betalte havbruksnæringa 5,7 prosent av Noregs samla selskapsskatt når ein ser bort frå petroleumsnæringa.

Over 50.000 tilsette

Havbruksnæringa kan delast opp i matfiskproduksjon, setje- og stamfisk, salsselskap og slakting og foredling.

Dei som jobbar med matfisk, skaper størst verdiar med 4,6 millionar kroner per tilsett. Deretter følgjer dei som jobbar med setje- og stamfisk med 2,3 millionar i verdiskaping, følgt av salsselskapa, der kvar tilsett skaper verdiar for 1,8 millionar. I slakt og foredling var verdiskapinga på 0,7 millionar per tilsett.

Tek ein med ringverknader, jobbar det totalt 52.500 i næringa. Om lag 19.500 jobbar i kjerneverksemda, altså havbruk, slakteri og foredling og salsselskap, medan det kjem om lag 34.000 sysselsette som ringverknader.

Frøya største havbrukskommune

Med ringverknader inkludert er Frøya framleis den største havbrukskommunen med nesten 1800 sysselsette. Alta, Senja, Nærøysund og Hadsel følgjer etter.

Oslo og Bergen er også høgt oppe. I Oslo er det tenester som bank, finans, forsikring og advokattenester som gir store ringverknader. Andre faktorar som slår positivt ut for Oslo er vaksineproduksjon og ein del vidareforedlingsbedrifter.

Bergen har ikkje like mykje ringverknader som Oslo, men meir sysselsetjing i kjerneverksemda som foredling, sal og administrasjon.

Ventar godt år for Havbruksfondet

Havbruksfondet er eit viktig verktøy for å støtte kommunar som legg til rette for havbruk. I 2022 var utbetalingane frå Havbruksfondet på rekordhøge 3,1 milliardar kroner, fordelte på 140 kommunar og sju fylke.

Kommunar i Troms og Finnmark fekk 971 millionar over to år, Vestland og Nordland fekk over 800 millionar, medan Trøndelag fekk 732 millionar frå fondet.

Midlar frå Havbruksfondet er størst annakvart år fordi store delar av midlane stammar frå salet til staten av konsesjonar og auka kapasitet. 2024 kan bli eit nytt år med store utbetalingar til kommunar og fylkeskommunar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS