Kvalifiserteseg til nordiski helga
— Eg håpar det eg presterte i dag og har prestert tidlegare i vinter skal […]
— Eg håpar det eg presterte i dag og har prestert tidlegare i vinter skal halde til å bli uttatt til juniorlandskampen. Har i alle fall god tru på det, sa Bjørnar Larsen til Grannar søndag ettermiddag. Då var han i ferd med å pakke saman utstyret etter vinterens andre noregscuphelg. Måndag kom gladmeldinga om at han får delta i nordisk. Dermed blir det tre dagar på Hovden før han på nytt set kursen over fjellet. Fredag, laurdag og søndag får han måle krefter med dei beste 16- og 17-åringane i Sverige, Finland og Estland.
Med ein stav
Det var mange som forventa å få sjå Vindafjord-løparen på pallen søndag. Spesielt ettersom han gjorde det så bra på laurdag. Larsen fekk den verst tenkelege starten då han like etter start brekte staven. Bjørnar gjekk eit par kilometer med ein stav.
— Eg vet ikkje om eg tapte så mykje på det, sa andreårsjunioren som prøvde å bagatellisere uhellet. Skigymnasiasten blei verken stressa eller stiv. Men måtte innrømme at det var alt anna enn optimalt at han måtte byte til seg ein stav. Bjørnar kunne fortelje at han har konkurrert lite etter at han blei dobbelt kretsmeister for tre veker sidan. På Hovden har han hatt flotte treningsforhold.
Vestbø imponerte
Det var også ein annen Vindafjord-løpar som imponerte på Hadeland. Thomas Vestbø har brukt denne vinteren til å nærme seg dei beste i sin årsklasse. 16. og 21.plass er resultat som lar seg høyre for den 16 år gamle Sandeid-guten. Thomas er også elev ved skigymnaset på Hovden. Førsteårsjunioren har tatt sjumilssteg etter at han flytta på hybel og fekk stabile treningsforhold. Stian Haugland er ein annen som har gjort det bra dei to siste åra. Ølen-guten braut gårsdagens tremil. Men har på ingen måte gitt opp håpet om å kvalifisere seg for junior-VM. Dersom han gjer ein bra figur i junior-NM i Molde er det fullt mogleg å bli tatt ut til det meisterskapet. Chris Jestersen gjekk inn til 15. plass på laurdagens 10-kilometer. Formmessig har Chris mykje å gå på sjølv om han gjekk bra på laurdag.