Kunstlaget legg ned
På grunn av dalande engasjement blir det ingen lokal kunstklubb lenger.
— Det er med vemod me ser oss nøydde til å avslutte Vindafjord kunstlag og galleriet i Helgevoldshuset i Sandeid, skriv Synneve Brendsdal, Gro Apeland, Kari Anne Furseth og Rigmor Elise Osnes Vik i ei pressemelding på vegner av Vindafjord kunstlag.
Ifølgje dei fire damene blei kunstlaget starta tidleg på 1970-talet, dei første åra saman med Tysvær under namnet Tysvær og Vindafjord Kunstlag.
— På grunn av store avstandar kvar gong kunstutstillingane våre skulle visast fram, med alt det arbeidet det inneheldt, blei det betre å dele det. Dette skjedde i byrjinga av 90-talet, opplyser damene i pressemeldinga.
Dei ønskjer å takke alle medlemmene som har støtta opp om laget gjennom åra som har gått.
— Me takkar for eit flott fellesskap i Medlemsen», kunstklubben der me har møttest kvar onsdag, og der me sjølv fekk måle og studere målarkunsten, skriv dei underteikna i pressemeldinga.
Lokala blei pussa opp, og dei fekk installert skikkelege lys i taket.
— Takk til styremedlemmane og ektemakane deira for stor innsats med dette. Det blei kostbart, men me klarte det, heiter det vidare i pressemeldinga.
Dei rettar i tillegg takk til kommunen, som gav dei tilgang til Helgevoldshuset.
— Og ikkje minst, takkar me alle dei besøkjande. Nokre var trufaste på kvar einaste kunstutstilling, fortel dei fire damene i eposten.
Dei håpar på at yngre krefter vil trø til å framtida.
— Me avsluttar fordi interessa har dabba veldig av dei siste åra. I tillegg har me sjølv blitt eldre. Me har prøvd å rekruttere nye folk til å ta over, men då me ikkje lukkast med dette har me bestemt oss for å leggje ned, seier Rigmor Elise Osnes Vik, som snart fyller 79 år.
Ho har framleis glede av kunsten.
— Eg har eit atelier heime, og der kosar eg meg veldig. Det har likevel vore veldig givande og treffe andre med same interesser, i kunstlage. Me har lært mykje av kvarandre. Den siste tida har interessa for å treffast om onsdagane også vore dalande, fortel Vik til Grannar.
Vik var med og starta kunstlaget i 70-åra. Dei siste åra har ho budd i Spania, og har difor ikkje vore aktiv i styret.
— Kor mange medlemmer har de i kunstlaget?
— Det har eg ikkje oversikt over, men me har hatt ein del medlemmar, seier Vik.