Kulturhus i Etne – ein møteplass for folk flest
Bygdas born og ungdom er det viktigaste me har, dei er framtida til bygda, og […]
Bygdas born og ungdom er det viktigaste me har, dei er framtida til bygda, og me vil vera med og leggja tilhøva til rette slik at dei kan driva med idrett og kultur. Etne Idrettslag er ein stor organisasjon med over 600 medlemmer, frå 3 år og oppover. Laget har eit skrikande behov for ein idrettshall, mellom anna for å kunne oppretthalda aktivitetane vinterstid. Gymsalen på Enge skule er både liten og sliten, og dekkar ikkje dagens behov.
Ein ny stor idrettshall, knytt til og saman med kulturhuset, vil skapa trivsel og mangfald, eit trygt og verdifullt oppvekstmiljø, ja rett og slett verta ein møteplass for folk flest i Etnebygda.
Vil med dette få presisera kor viktig me tykkjer det er å få dette prosjektet fullført i tråd med gjeldande vedtak i kommunestyret.
Det hastar – for vi er mange som ventar.
Ingvor Gundegjerde
Nina Vierdal Vee
Listekandidatar Etne Senterparti