Kryssa Skjold i rekordfart
— Eg er fornøgd og overraska over å vinne. Eg har ikkje løpt denne type løp før, fortel Markhus.
Held det gåande
Klokka 08.00 søndag køyrde dei første tre fulle bussane frå Skjold Arena med forventningsfulle turgåarar i retning Hodnafjellet på grensa mellom Tysvær og Vindafjord. Dei som starta så tidleg var for det meste folk som skulle ha ei sosial naturoppleving. Harald Egge (72) frå Skjold brukte berre 3 timar og 45 minuttar på turen. Likefullt hadde han òg hatt fine naturopplevingar.