For rundt to år sidan flytta MX Sport drifta frå butikken på kaien i Etne sentrum til Ølen Senter. I starten opplevde butikken ein positiv oppsving i dei nye lokala, men då målet for fjoråret om overskot ikkje viste seg å vera innan rekkjevidde blei konkurs einaste alternativ.
— Ein sportsbutikk i Ølen vil vera liv laga. Me har hatt ein positiv utvikling, og omsetnaden auka etter at me kom til Ølen. Men me klarar ikkje å betena leverandørgjelda, seier daglig leiar Ole Martin Grindheim som har hatt utfordringar med å betala vareleverandørane dei siste fire åra.
— Me har hatt i snitt opp mot ein million i underskot dei siste åra. Me har heile tida trudd at det skulle snu, og me sette som mål å gå med pluss. Dersom me ikkje klarte det ville butikken bli lagt ned, seier han og håpar nokon vil satsa vidare på sal av sportsutstyr i Ølen.