Familiemedlemskap var ein suksess i 2021.
Foto: NJFF
Kraftig vekst hos Norges Jeger- og Fiskerforbund
Friluftsliv, jakt og fiske er populært som aldri før, oppsummerer Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) etter fjoråret.
Oppteljinga etter nyttårsskiftet viser at medlemstalet var på 116.120. Dette er ein auke på 6.070 frå året før, noko som svarer til ein vekst på heile 5,5 prosent! Med det forsterkar NJFF stillinga som ein av landets aller største og mest vitale friluftsorganisasjonar.
Organisasjonssjef i NJFF, Knut Erik Risvik, forklarer at det i jubileumsåret har vore satsa på å vera synlege og ha positive aktivitetar.