Denne bekken som går under E134 i Stordalen i Etne, laga seg ein liten sidebekk for å svelgja unna dei store vassmengdene, då det kom ekstreme mengder regn i oktober i fjor.
FOTO: Nils Tokheim
Kraftig regn og vind tysdag: Varsel om flaum og skredfare
Det er sendt ut farevarsel for både kraftig nedbør, sterk vind og risiko for flaum og jordskred tysdag 5. august. Varselet omfattar heile Sør-Vestlandet, inkludert Etne og Vindafjord. Meteorologisk institutt melder at det lokalt kan koma opp mot 100–120 millimeter nedbør i løpet av 24 timar, og i Etne kan det koma så mykje som 100 millimeter regn tysdag, ifølgje yr.no.
Kombinasjonen av kraftige regnbyer og metta jord gir auka risiko for overvatn, lokale oversvømmingar og erosjonsskadar. Folk blir oppmoda om å reinsa avløp og stikkrenner, slik at vatnet får renna uhindra.
Vêrsituasjonen krev førebuing