Talet på konkursar i norsk næringsliv aukar kraftig. Bygg- og anleggsbransjen er ei av dei næringane som er hardast ramma.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kraftig konkursauke
I første kvartal 2025 vart det registrert 1896 opne konkursar mot 1133 i same kvartal i fjor. Der er ein auke på 67,3 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Både aksjeselskap og enkeltpersonføretak har hatt ein oppgang i talet på konkursar i løpet av perioden, seier Erik Fjærli, seksjonssjef i SSB. Han påpeikar at dei høge rentenivåa over lang tid har gjort det meir krevjande å drive føretak.
Utsette næringar
Fleire næringar opplevde ein stor auke i konkursar. Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar hadde den største prosentvise auken med 161,5 prosent. Andre hardt ramma sektorar inkluderer fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (132,5 prosent auke) og transport og lagring (105 prosent auke).