Menn utgjer berre 25 prosent av dei tilsette i grunnskulen.
Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Kraftig fall i talet på menn som vil bli lærarar
Menn utgjer berre 25 prosent av dei tilsette i grunnskulen. Den andelen ligg an til å bli endå mindre, skriv Klassekampen.
Søkjartal for grunnskulelærarutdanningane (1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn) viser at talet på menn som har grunnskulelærarutdanning som førsteval, har gått ned frå 1746 i 2019 til 753 i 2024.
Det er ein nedgang på 57 prosent på fem år.