Det var under ein kontroll ved Viskjer i Åkrafjorden at råkøyraren blei tatt.ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Køyrde av vegen og velta rundt

Klokka 07.32 måndag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Saudavegen i Vindafjord. Naudetatane, blant anna brannvesen frå Sandeid brannstasjon, rykka ut.

Politiet i Sør-Vest skriv på Twitter at ein bil har køyrd av vegen på glatt føre og velta rundt. Det var berre bilførar involvert. Føraren klager på smerter i ein fot og blir tilsett av ambulanse på staden. Det er manuell trafikkregulering på staden. Bilen har behov for berging.

09.51 oppdater politiet med at bilføraren er køyrd til Haugesund for vidare oppfølging av helse. Det er ikkje meldt om alvorleg skada. Det vil vere manuell dirigering på staden fram til ein bilbergar har henta bilen.

Seksjonsleiar ved Etne- og Vindafjord Politistasjon, Kari Rørtveit, lokaliserer ulykka til nær Kvaløy.

Powered by Labrador CMS