Kostbare forbikøyringar

I ein trafikkontroll på E134 mellom Ølen og Etne frå klokka 12.00 til klokka […]

Publisert Sist oppdatert

I ein trafikkontroll på E134 mellom Ølen og Etne frå klokka 12.00 til klokka 14.00 fredag blei det skrive ut heile sju forenkla førelegg.

Fire av førelegga kom etter fartsoverskriding i 80-sona. Høgaste fart blei målt til 98 km/t.

Dei andre bøtene kom etter forbikøyring i ei sone som er skilta forbikøyring forbode». Denne overtredinga kosta kvar sjåfør 5.200 kroner.


I tilegg fekk ein lastebilførar eit gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Powered by Labrador CMS