Agnes Lovise Matre er ute med si sjette bok i desse dagar. Denne gong skriv ho om det sjette bod: Du skal ikkje ryta ekteskapet.
Foto: Haakon Nordvik
Kortroman frå Matre
Agnes Lovise Matre frå Sandeid (55) er klar med si sjette roman som har fått tittelen Til døden. Boka handlar om at ein ikkje skal bryta ekteskapet. — Litt ironisk sidan eg sjølv er gift for tredje gong, seier ho.
Det går fort i svingane for Agnes Lovise Matre. Ein skal ikkje lenger tilbake i tid enn til april i år for å finna lanseringsdatoen for hennar femte roman. Så går knappe fire månadar, og bok nummer seks blir lansert. Til døden» er namnet på romanen som blir gitt ut på forlaget Vigmonstad og Bjørke, og går inn i forlaget sin serie på ti bøker, der dei har invitert ti kjende forfattarar til å skriva ei kortroman basert på eitt av dei ti boda i bibelen.
— Det var ei ære å blir spurt om å vera med i eit så celebert selskap av forfattarar, og det var aldri tvil om kva bod eg ville la meg inspirera av. Eg er nemleg gift for tredje gong, så det sa seg nesten sjølv, seier Matre.
Barcode i Oslo