Torsdag møtest kontrollkomiteen for å vurdere korleis dei skal handtere dei mange tilfella av habilitetsbrot i regjeringa. Møtet er det første etter at det vart avdekt at ektemannen til utanriksminister Anniken Huitfeldt kjøpte og selde aksjar i eit større omfang enn det som først var kjent.
Sjølv om Huitfeldt har svart på den første runden av spørsmål frå komiteen, meiner saksordførar Grunde Almeland (V) i kontroll- og konstitusjonskomiteen at det er fleire spørsmål dei bør få svar på.
– På møtet vil vi samanfatte og spørje om det er fleire ting vi treng svar på. For min og Venstres del er det særleg relevant når det gjeld Huitfeldt, då den saka ikkje var klargjord då komiteen sende spørsmål Statsministerens kontor, seier Almeland til NTB.
Fleire spørsmål
Etter å ha sendt 17 spørsmål til Jonas Gahr Støre 10. august fekk komiteen også utfyllande svar frå alle departementa 1. september. I etterkant vart det klart at mannen til utanriksministeren kjøpte og selde aksjar i eit større omfang enn det som var kjent på tidspunktet då spørsmåla vart svart på. Dette har utløyst nye spørsmål.
Huitfeldt var fjerde statsråden i Støre-regjeringa som på kort tid har vore innblanda i habilitetssaker. Også Tonje Brenna (Ap), Ola Borten Moe (Sp) og Anette Trettebergstuen (Ap) har beklaga brot på habilitetsreglane i sommar. Berre Brenna og Huitfeldt sit framleis som regjeringsmedlemmer.
Før helga hadde leiarane i fleire parti uttrykt tvil om Huitfeldt kunne halde fram i jobben som utanriksminister dersom Økokrim opna etterforsking mot henne. Økokrim konkluderte likevel med at Huitfeldt ikkje hadde delt informasjon ho hadde fått gjennom jobben, med ektemannen.
Vil kalle inn Solberg
Sidan 1. september har også spørsmålet om kva Høgre-leiar Erna Solberg visste om aksjehandlane til ektemannen medan ho sjølv sat som statsminister, fått auka aktualitet.
Gjennom fleire artiklar i E24 har det vorte kjent at Sindre Finnes kjøpte og selde aksjar i fleire selskap medan kona sat ved roret som statsminister. Det har utløyst ein debatt om også Erna Solberg kan ha opptredd inhabilt i regjeringstida si.
Det er venta at eit kvalifisert mindretal blant dei ti medlemmene i kontrollkomiteen vil be om at den tidlegare statsministeren må møte i ei allereie varsla høyring i november.
Naturleg å få klargjort tidlegare handtering
– Oppgåva til kontroll- og konstitusjonskomiteen er å granske korleis den til kvar tid sitjande regjeringa styrer. Det kan likevel vere naturleg å få klargjort korleis handteringa har vore tidlegare i slike saker som vi står overfor her, seier Almeland.
– Det er naturleg at også ein representant frå den tidlegare regjeringa forklarer seg under ei høyring. Og når ho først er der, vil det vere opp til alle medlemmer av komiteen å stille spørsmål, seier Almeland vidare.
Dei fleste av partia er tilbakehaldne med å seie kva dei vil ta opp i møtet i kontrollkomiteen torsdag, eller om dei vil be om at Solberg blir kalla inn til høyringa. Raudt er derimot heilt klare på at dei meiner den tidlegare statsministeren må møte.
– Har endra forklaring
– Raudt har heile vegen vore oppteken av at Stortinget går grundig og prinsipielt til verks om habilitet og ser på skiftande regjeringar. Dess meir som kjem fram, dess tydelegare blir det at dette er nødvendig. Erna Solberg må bidra til at vi får greie på aksjehandlar, habilitet og utnemningar og klargjere det utfyllande i ei open stortingshøyring, seier Seher Aydar til NTB.
Aydar seier vidare at ho opplever at Solberg har endra si eiga forklaring om aksjehandlane til mannen etter valet, og at dette er eit spørsmål ho vil be om svar på under ei høyring.
– Det er på tide at Erna Solberg no speler med opne kort rundt aksjehandelen til Finnes og kva han kan ha hatt å seie for hennar eigen habilitet. Når Solberg seier at ho ikkje var klar over omfanget» høyrest ho ut som eit ekko av Anniken Huitfeldt då ho innrømde at ho braut plikta til å skaffe seg oversikt over aksjehandelen til ektefellen, seier Aydar.