Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Klar melding til kommuneleiinga. Elevar ved skulen i Vikebygd stilte opp med plakatar under folkemøtet.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Klar melding til kommuneleiinga. Elevar ved skulen i Vikebygd stilte opp med plakatar under folkemøtet.

Kom med klar melding til politikarane

Publisert Sist oppdatert

Rundt 170 små og store møtte opp til folkemøtet i Vikebygd då Vindafjord kommune inviterte til informasjon og diskusjon om den komande skule- og barnehagestrukturen. At Vik skule og barnehage står på lista over skular og barnehagar som kanskje kan bli stengd i løpet av få år dersom forslaget frå kommunedirektøren får gjennomslag blant politikarane, møtte sterk motbør blant dei frammøtte. Fleire reagerte med undring over forslaget og meinte både framtidig busetnad, butikk og bygdehus vil stå i fare om skule og barnehage forsvinn. Lang reisetid for elevar, skulemiljø og utvikling var andre tema som var oppe til diskusjon og som skapte engasjement blant dei frammøtte.

Engasjerte elevar

Elevane ved Vik skule hadde eit ønskje om å bli høyrt i skulekampen, og med sjølvlaga plakatar inntok dei storsalen i bygdehuset før møtet starta. Ikkje steng skulen, små skular er lik trygge barn, nei til tvungen fritid på buss og la skulen stå, var blant slagorda ungane hadde teikna på plakatane. Ein liten Vikebygd-song blei det også tid til før ordfører Ole Johan Vierdal opna møtet. Og før alle frammøtte sette kursen heimover mottok ordføraren ei stor bunke rykande ferske skuleaviser om skulen, som elevane hadde lagt ned mykje arbeid i å utforma. Ordføraren fekk klar beskjed om å dela ut eitt eksemplar til alle politikarane i håp om å få fleirtal for vidare drift av skule og barnehage når saka skal opp i kommunestyret i midten av juni.

Powered by Labrador CMS