Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn

På tampen

Kom mai du skjønne milde

Publisert Sist oppdatert

Eg er slik ei sart sjel når det kjem til patriotisme, og eg kjem som oftast ikkje meir enn eit par strofer inn i Etne-songen før eg blir trong i halsen og blaut i blikket. Etne du fagre i Hordalands grender, ligg du å brisar med bringa så brei»

Åhh! Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg. Bygda som brisar seg under vårsola, mens bjørkespretten har skote fart, og elva buktar seg nedover mot fjorden. Det er vel noko spesielt med heimstaden, vil eg tru. Eg er sikker på at Ingebret Paulsen hadde eit svulmande hjarta for bygda si han óg, då han skreiv songen for snart 100 år sidan. Mai er vel månaden me alle kjenner litt ekstra på det å høyra til». Enten det er til staden ein vaks opp, til regionen ein bur i, eller Noreg som nasjon. Om knappe to veker skal me atter ein gong synga Ja, vi elsker dette landet, og akkurat i desse tider burde me kanskje alle stemt i for full hals. Enten ein syng som ei lerke – eller ein hane i stemmeskifte. Det får bera eller brista…

På bygda får me koma tett på kvarandre, og me får sjå korleis livet rører seg for folk der dei bur. Alle kjenner alle, og samfunnet er gjennomsiktig – på godt og vondt.

Powered by Labrador CMS