Einingsleiar for helse i Vindafjord, Maren Tjelmeland Hustoft (t.v.), fastlege i Vindafjord, Hogne Heggebø, politikontakt i Etne og Vindafjord, Kristine Strand og SLT-koordinator i Etne Liv Ellen Ebne vil setja temaet rundt kokain blant ungdom på agendaen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Kokain meir tilgjengeleg
SLT-koordinator i Etne, Liv Ellen Ebne kan opplysa at det i seinare tid har vore mykje snakk både lokalt og på landsbasis, om auka bruk av kokain. Ryktet har blitt såpass stort at ho tenker det er på tide å adressera det litt. Derfor har ho invitert Grannar med på eit møte med både fastlege Hogne Heggebø, leiar for helse i Vindafjord, Maren Tjelmeland Hustoft og politikontakt i Etne og Vindafjord, Kristine Strand.
— Me opplever at det er mykje rykte om auka bruk av kokain, men det me eigentleg ser er auka tilgjengelegheit. Det er enklare å få tak i kokain, det er tilgjengeleg i større grad, men me ser også at ungdommane i større grad aktivt vel å seie nei. Sjølv om tilgjengelegheita er større, ser verken politi, helsestasjon eller fastlege teikn til ein auka brukarmasse. Det vil seie at me tenker at det er enkeltindivid som står for bruken, ikkje ei større gruppe, seier politikontakt Kristine Strand.
Tredobla sidan 2018