Laksefiske i elva Gaula vart stengt i slutten av juni som følgje av lite laks. Tysdag kjem avgjerda frå Miljødirektoratet om denne og 32 andre elvar blir verande stengde, eller om nokre opnar for fiske.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Klart for laksefiskedom frå Miljødirektoratet
Fleire alternativ har vore oppe til vurdering for Miljødirektoratet når dei skal komme med den endelege konklusjonen sin.
33 av dei største lakseelvane i Sør-Noreg vart stengde for fiske i slutten av juni etter rapportar om lite laks i år.
– Det generelle inntrykket er at innsiget av mellom- og storlaks er svakt sør for Nordland. Her peikar nesten alle fangstrapportar og teljingar mot eit lågt innsig så langt, heiter det i ein statusrapport frå Norsk institutt for naturforsking (Nina).