Ølen senterArkivfoto.
Klart for julegåver på fleire senter
I desember blir det igjen sett opp julegåvetre på Etne senter, Ølen senter og Ølen torg. Dette er eit tilbod til familiar i Vindafjord og Etne som har det trongt økonomisk.
Julegåvetretilbodet er eit samarbeid mellom privatpersonar, kjøpesentera og NAV Vindafjord-Etne. Dette opplyser Vindafjord kommune på nettsida si.
— Har du det tøft økonomisk og gruar deg til jul? Då kan du sende inn julegåveønskje for barn og unge i familien. Det er låg terskel for å delta, og det blir ikkje gjort økonomisk vurdering, skriv Vindafjord kommune.
Ønska sender ein inn via eit digitalt skjema på nettsida til kommunen. Ein treng berre oppgi telefonnummer, kjønn og alder på barnet og gåveønskje. Ønska blir formidla anonymt til arrangørane og hengt opp på trea i form av hjarte med alder og kjønn.