Imsland oppvekstsenter blei lagt ned etter førre skuleår.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Klart for ein siste skulefest
— Det er klart det blir litt vemodig. Her er det mange kjensler i sving, seier Bjørn Joar Haugland i Imsland FAU.
Denne månaden har elevane frå 1. til 7. klasse sine siste dagar på skuledelen av Imsland oppvekstsenter, før dei skal begynne på Vikedal skule neste år. Barnehagedelen blir òg lagt ned i løpet av skuleåret frå hausten av.
I eit informasjonsskriv frå FAU Imsland står det at dette blir ei spesiell avslutning, og at det kan røyre kjenslene i bygda. FAU inviterer alle med tilknyting til skulen – foreldre, besteforeldre, slekt og vener – til å delta. Det blir gratis servering av pølser, kaker, saft og kaffi.