Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Klarerte for avl

Publisert Sist oppdatert

Det er mykje som skal stemma for å få ein dølahingst godkjent for avl. I tillegg til å bli bedømd ut frå eksteriør skal hestane også visa at dei har godt lynne, god helse og gode brukseigenskapar. Bedømminga føregår under den årlege landsutstillinga som finn stad på Stavsplassen på Tretten i Gudbrandsdalen og under årets utstilling i slutten av april kunne to vindafjordingar dra heim med kvar sin avlsklarerte hingst.

— Det er dei aller beste hestane som går til avl og i Vindafjord har me nå tre kåra hingstar som kan brukast i avl. Det har aldri skjedd før, seier Tjerand Selland (67) frå Vikedal som drog iland ni av ti mogelege poeng på eksteriør for sin fire år gamle hingst, Sellands Even.

— Hesten fekk 2. premie totalt og låg berre eit halvt poeng under den beste, seier den erfarne hesteeigaren som har drive med hest til nytte og glede i over 30 år.

Powered by Labrador CMS