Klar for nye bondesprell i Sjoargata
Laurdag brakar det laus med ny Bondemarknad i Ølen. Her blir det mogleg for marknadsfolket å få kjøpt seg lokale landbruksprodukt, helsa på gardsdyr eller delta på ulike aktivitetar.
— Me køyrer same linja som tidlegare, seier dagleg leiar i Vindafjordbonden, Eivind Lien og lovar eit allsidig program for store og små i Sjoargata i Ølen.
Tradisjonen tur er det bøndene i Vindafjord som står bak arrangementet, både når det gjeld salsboder, utstillingar og aktivitetar, og som vanleg byr dei på noko for ein kvar smak. Rundt 30 boder med lokale produkt blir å finna i Sjoargata denne laurdagen, og skulle svolten melda seg i løpet av dagen er det mogleg for marknadsgjestene å få seg både grillmat og ei lappekake eller to frå Bygdekvinnelaget sin stand.
— Me bøndene arrangerer Bondemarknad for å visa fram våre produkt og visa kva me driv med. Me satsar på mest mogleg lokale boder og utstillingar med varer og ting folk har produsert sjølv, seier han.
Aktivitetar for barn
Dei yngste marknadsgjestene har mykje å glede seg til denne marknadsdagen. I tillegg til å helsa på dyra kan dei få prøva seg på saging av stokkar, hoppa i høyet eller kasta poteter opp i ei bøtte.
— Det blir gode gammedagse aktivitetar for barna, seier Lien.
For alle som er interessert i maskinar og landbruksutstyr kan ein tur innom maskinutstillinga vera verdt eit besøk og har ein lyst til å få med seg den tradisjonsrike tvekampen mellom lokale bønder er det berre å stilla opp i Sjoargata i eitt-tida.
— Me skal ha kappstrid mellom bøndene, seier Lien utan å røpa kva utfordringar dei ulike bondelaga har i vente.
— Det kjem litt an på vêret, seier han.