Stian Haugland går inn i 2020 som trenar for Ølen IL sitt A-lag.
Foto: Privat
10 Kjappe
Klar for eit aktivt år
Som fersk Ølen-trenar er han mest engsteleg for å gjere det dårlegare enn Etne. Stian Haugland er klar for nye utfordringar i 2020.
Det nye året rekk ikkje å bli gamalt før Stian Haugland tar fatt på nye utfordringar. Trening utgjer ein stor del av døgnet for ølensbuen, og det vil halde fram slik i 2020. Ved sidan av jobben som osteopat på Frisk treningssenter, har han tatt på seg hovudtrenarvervet for Ølen IL sitt A-lag. Med fleire lokale lag i 5. divisjon, kan det bli mange spennande rivaloppgjer. Med naborivaliseringa i bakhovudet, er Haugland mest engsteleg for å hamne under Etne på tabellen denne sesongen. Dersom det blir tilfellet, er det i så fall godt å ha ein hund å kome heim til. Den er som regel like glad uansett.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er nysgjerrig og open.