Kjem til kais i Ølen
Det ligg ann til at kongeparet går i land med Kongeskipet på flytebryggene nær Ølen Senter dei kjem til Vindafjord 30. mai.
Dette opplyste kommunedirektør Yngve Folven Bergesen under eit formannskapsmøte tysdag.
Sist veke var representantar frå Kongehuset og Statsforvaltaren i Rogaland på besøk for å planlegge besøket saman med kommunen. Tidlegare i prosessen har det vore aktuelt at kong Harald og dronning Sonja skal gå i land i Sandeid for å så bli køyrd til Ølen, kor det skal vere eit 90 minuttar langt arrangementet, men nå går det altså truleg mot at dei kjem inn Ølsfjorden.
I så fall blir det mogeleg for Kongeparet å også i det minste få eit glimt av Etne når dei passerer Børkjeneset på veg mot Ølen. Kongen har som kjent ikkje vore på offisielt besøk i Etne, ein av kommunar han enno manglar i samlinga» si.
Folven Bergesen fortalde om korleis arrangementet er planlagt løyst med parkering og stenging av vegar. Det er framleis planen å køyre alle skulebarn i kommunen til Ølen for arrangementet, men det har vist seg krevjande å få organisert grunna busskapasitet.
Ordførar Ole Johan Vierdal opplyste at kongeparet etter planen skal gå i land klokka 11.00.