Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

— Kjekt å vera med i ungdomskor

Publisert Sist oppdatert

Til vanleg er dei ni jenter i Etne ungdomskor, men denne øvingsdagen er dei ei i minus. Likevel er det god lyd i gjengen, spesielt når dirigent Audny Aasheim finn fram musikken til Imagine Dragons på Spotify, og guffar opp lyden. Då går det ikkje lenger an å sitja på stolane sine for å syngja. Opp å stå, for å få best mogleg lyd og energi ut i rommet.

— Å vera med i Etne ungdomskor er veldig kjekt. Me har eit godt og koseleg miljø, og det er kjekt og lærerikt å vera med å syngja, seier Emma Haraldseid Grindheim (18).

Og ein kan ikkje anna enn å tru på 18-åringen, for ho har vore med i koret sidan oppstarten på våren i 2016, ho tar bussen kvar einaste tysdag tur-retur Etne frå Haugesund for å vera med, og nettopp denne tysdagen er ho hås som eit esel, men møter til øving likevel. Så noko må det rett og slett vera med dette ungdomskoret.

Powered by Labrador CMS