Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Emma Bjelland Ingebrigtsen er ny skribent for Grannar. Foto: Rina AspmoGrannar-skribent Emma Bjelland Ingebrigtsen, får utmerking av Nobels Fredssenter. Foto: Rina Aspmo
Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen

Kjære kommande russ

Publisert Sist oppdatert

På tysdag var tida mi som russ over og ut. Og, eg kjente meg faktisk utruleg stolt der eg kasta russehatten saman med klassekameratane mine. Plutseleg var den oppskrytte russetida over, og no har vi ikkje lengre tittelen som årets russ. Den går vidare til det neste årskullet. Og med det vil eg difor seie; kjære kommande russ.

Eg veit at det ofte er lett å sjå på oss sjølv som ubetydelege. At vi kan tenkje at det vi gjer uansett ikkje utgjer ein forskjell åleine. Men til det vil eg berre seie: – Jo, det kan du! Du kan gjere ein forskjell. Det å våge å stå i mot, og det å våge og stå i mot det alle andre» gjer. Det å våge og stå opp mot mykje av den urettferdigheita som skjer i russetida. Det å våge å seie at nok er nok. Det er nemleg der det startar. For nettopp dine handlingar er med på å gjere ei endring. Dine handlingar er viktige. Det kan få andre til å få auga opp. Det du gjer har faktisk ei påverknadskraft. Du kan ver ein rollemodell, og du kan ver eit førebilete for andre.

Det du gjer kan også redde liv. Det handlar om den psykiske helsa vår. Det å seie hei til dei rundt deg. Det å sende eit smil til nokon som kanskje treng det. Eller å spørje nokon du kanskje ser er litt åleine, om dei vil ver med. Det er det vi ofte ser på som små ting i kvardagen, som utgjer ein forskjell. Det kan bety så enormt mykje. Og det er det som faktisk kan ver med på å redde liv.

Powered by Labrador CMS