Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bergen 20140213. Sju marmorsøyler fra Kode-samlinga etter Johan Munthe er no førte tilbake til det gamle sommarpalasset Yuanmingyuan utanfor Beijing. Her er dei sju søylene avbilda i Permanenten på Kode før avreise. Foto: Dag Fosse / KODE / NTB / NPK
Bergen 20140213. Sju marmorsøyler fra Kode-samlinga etter Johan Munthe er no førte tilbake til det gamle sommarpalasset Yuanmingyuan utanfor Beijing. Her er dei sju søylene avbilda i Permanenten på Kode før avreise.

Kinesiske søyler førte tilbake frå Bergen til Kina

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Sju marmorsøyler i Kode-samlinga etter Johan Munthe er no sende heim til det gamle sommarpalasset Yuanmingyuan utanfor Beijing.

Kode, tidlegare Kunstmusea i Bergen, skriv i ei pressemelding måndag at marmorsøylene no er på plass i Kina. Dette er berre ein av mange slike tilbakeføringar av museumsgjenstandar over heile verda.

– Det er fint å få vere med på å fullføre avtalen som vart inngått for ti år sidan, seier Kode-direktør Petter Snare, som fredag deltok på ein overrekkingsseremoni i Beijing, i ei pressemelding.

Han seier vidare at søylene har fått ei fantastisk fin plassering i Beijing.

– Og vi er glade for å kunne bidra til dette. Denne prosessen betyr nok mykje for Noregs internasjonale renommé.

Det var i 2013 Kode inngjekk ein avtale med Zhongkun Investment Group og Peking University om tilbakeføring av søylene.

– Dette er ei viktig stund for Kode, men endå viktigare for det kinesiske folket, sa Huang Nubo frå Zhongkun Investment Group på pressekonferansen som vart halden då avtalen vart signert.

Avtalen inneber at sju av i alt tjue halvsøyler frå samlinga Kode forvaltar, no er førte tilbake til det øydelagde keisarpalasset Yuanmingyuan.

Yuanmingyuan vart angripen og lagd i ruinar av britiske og franske styrkar i 1860. Mange gjenstandar vart øydelagde eller fjerna frå palasset, og svært mange av gjenstandane hamna på den europeiske kunstmarknaden, fortel Kode i pressemeldinga.

Sjølve søylene kom til Bergen på 1960-talet, og først i 1994 vart det avdekt at dei kom frå det øydelagde keisarpalasset.

Powered by Labrador CMS