Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I store delar av landet er det dyre prisar for reker, og dyrare kan det bli. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
I store delar av landet er det dyre prisar for reker, og dyrare kan det bli.

Kilopris på reker over 300 kroner

NPK: Om kort tid kan kiloprisen på reker bli over 300 kroner.

— Rekene kostar 265 kroner kiloen no, men vi forventar to prishopp i sommar. Prisen bikkar nok 300 kroner, seier dagleg leiar Monica Larsen Strømsland på Fiskebrygga i Arendal til NRK Sørlandet.

Prisauken kjem på grunn av lite rekefangst. Situasjonen er den same i det meste av landet utanom Nordland, ifølgje NRK.

Guldborg Søvik, forskar ved Havforskingsinstituttet, seier det er naturleg med svingingar i rekebestanden, men at den for augneblinken er under føre-var-grensa, ei grense som gjer at talet på reker held seg.

— Vi vil ha ein høgare bestand enn den for augneblinken ligg på. Derfor blir det delt ut færre kvotar for rekefiske, seier Søvik til NRK.

Powered by Labrador CMS