Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Utdanningsdirektoratet meiner det å dela biblar på skulane er i strid med opplæringslova fordi det kan opplevast som forkynning. Illustrasjonsfoto: Solveig Vikene / NTB / NPK
Utdanningsdirektoratet meiner det å dela biblar på skulane er i strid med opplæringslova fordi det kan opplevast som forkynning.

Kan bli slutt på utdeling av biblar i skulen

NPK: Kvart år har organisasjonen Gideon, tidlegare Norsk Gideon, brukt å dela ut rundt 15.000 biblar på norske skular. Det meiner Utdanningsdirektoratet er i strid med Opplæringslova.

I ein ny tolking av regelverket har direktoratet kome fram at utdeling av religiøse skrifter som Bibelen til elevane kan opplevast som forkynning, noko som ifylgje Opplæringslova ikkje er lov. Direktoratet rår difor til at kommunane ikkje gjev religiøse organisasjonar lov til dela ut religiøse skrifter i skulen, fortel NRK.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) meiner på si side det må vera lov å dela ut biblar utan at det kjem i konflikt med regelverket. Han peikar på at kunnskap om kristen tru og Bibelen er ein viktig del av læreplanen, men at elevane samtidig står fritt til å gjera kva dei vil med Bibelen dei får.

Human-Etisk Forbund som tok kontakt med direktoratet for å få avklart saka, er på si side nøgd med konklusjonen direktoratet har kome fram til. Leiar i politisk avdeling i forbundet, Lars-Petter Helgebostad, meiner det er ei prinsipielt viktig sak å rydda opp i.

Powered by Labrador CMS