Bygging av Hywind Tampen på Dommersnes i Vikebygd fekk ein ekstra lang julestopp for å slå ned koronasmitten som gjorde sitt inntok i midten av november.
Arkivfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kan bli eit nytt lokalt industri-eventyr
Etter planen skal Hywind Tampen neste haust setjast i produksjon for å forsyne fem plattformer på Snorre- og Gullfaks-felta i Nordsjøen med fornybar straum. Arbeidet med sjølve vindmølle-konstruksjonane er no i gang.
Botnfundamenta blir støyte i betong, og det er første gongen sidan den store Troll A-plattforma forlet Vats i Vindafjord i 1995, at ein brukar glidestøyp-teknologien til å bygge offshore-installasjonar på norsk sokkel.
— Internt hos oss er dei blitt kalla Dei 11 små Troll», fortel Svein Vika, som er prosjektleiar i Aker Solutions, og bringar fram minne både frå tidlegare offshore-eventyr og til tekststrofene frå barnesongen Trollmors voggevise».