Bjørn Tollefesen (t.h.), Johannes Helgevold og Anne Marit Helgevold Heggebø i Helgevold, som er ein del av Tekni Gruppen, ved eit tidlegare høve.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Næringsliv
Kan bli årets bedrift
— Helgevold Elektro skil seg ut med tanke på omstillingsevne og satsing på grøn teknologi. Dei har stort fokus på samfunnsansvar og nettverksbygging og satsar òg tungt på ung arbeidskraft og opplæring, skriv Næringsforeininga Haugalandet.
Rusta for framtida
I nominasjonen skriv foreininga òg at det har skjedd mykje spanande hos Helgevold Elektro dei siste åra. Selskapet, som starta i 1987, er i dag blant dei ti største el-installatørane i Noreg og har opplevd ei nær tredobling i omsetnad frå 2021 til 2023.