Kampen for truverde gjeld alle aviser

Artikkelen til Åmås har preg av propaganda, og eg kan i beste fall orsaka han […]

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen til Åmås har preg av propaganda, og eg kan i beste fall orsaka han med at han var totalt utan avisrøynsle då han nærsagt vart plukka opp frå gata, tilsett i Aftenposten og utruleg nok fekk den store journalistprisen etter kort tid som debattredaktør. I verste fall kan ein tru at debattredaktøren i Aftenposten hetsar lokalavisene for å byggja opp eit godt sjølvbilete av seg og Aftenposten. Han nyttar matvarelysingane i lokalavisene som basis for utfallet. Sjølv tykkjer eg det er flott at næringslivet på ny har oppdaga lokalavisene. Lokalavisene er gode media for lysingar.
Det er rett at lokalavisene er blitt arena for dei store matvarekjedene i kampen om kundane i distrikta. Det er nok også rett at lokalavisene finn journalistiske idear i den nye matvaremarknaden.
Men den same problemstillinga gjeld og Aftenposten, serleg i høve til vedlegga om bustad og bil. Det var vel ikkje denne påpeikinga gjorde at mitt innlegg vart avvist av Aftenposten. Det var vel heller påstanden om at nærleiken til kjeldene er like hemjande for ein Aftenposten-journalist som for ein lokalavisjournalist, som førte til den avgjerda. Aftenposten prøver å marknadsføra seg som ei graveavis, men har strengt tatt få saker å visa til, mellom anna vassverksaka på Romerike. Men arbeidet med den saka som gjekk føre seg i randsona av Aftenposten sitt dekningsområde skal avisa ha all ære av. Når det er nemnt, kan og lokalavisene visa til fleire saker, der dei har grave fram uakseptable tilhøve som går altfor mykje hand i hand med det akseptable. Å hevda at lokalavisene er utan makt, må slå attende på Aftenposten. Eg trur ikkje Aftenposten-redaktørane kan slå seg på brystet og seia at dei nærsagt styrer landet. Slik skal det heller ikkje vera, men ein skal ikkje sjå bort ifrå at når lokalavisene peikar på vantande helsetenester og kaos på sjukehussektoren, kan det vera ei av årsakene til at Framstegspartiet har fossa fram i distrikta. Trass i at lokalavisredaktørane på leiarplass tek avstand frå partiet.
Både for lokalavisene og Oslo-aviser som Aftenposten er nærleiken til kjelder både til sorg og glede. Denne nærleiken er eit dilemma, vel det viktigaste dilemmaet i journalistikken.
I alle saker er det snakk om påverknad, truverde og kjelder. Når eg nemner at Aftenposten er ei Oslo-avis, er det ikkje meint som sjikane, men som ei klargjering. Under sjefredaktør Andreas Norland vart det slege klart fast at Aftenposten skulle dyrkast som Oslo-avis. Avisa skulle strengt tatt ikkje ha stoff frå område utanfor det Oslo – nære Austlandet. No er dette sjølvsagt ikkje heile sanninga, ein kan ikkje skriva om fiskeristoff utan å nemna Nord-Noreg.
Når eg nemner at tilknytinga til kjelder og lysingar er vel so viktige for Aftenposten som for lokalaviser, er det ut frå observant lesnad. Eg kan til dømes seia at eg etter å ha lest nokre orsakande og høflege artiklar om ei stor norsk verksemd i Aftenposten ikkje vart overraska då det kom eit vedlegg i avisa der verksemda fekk presentera seg sjølv på sine premissar.
Eit slik vedlegg gjev ekstra innkomer på fleire hundre tusen kroner for Aftenposten. At avisa heile tida har vore mildt sagt varsame i handsaminga av konfliktstoff knytt til denne verksemda, er og svært tydeleg.
Slike situasjonar har eg opplevd både som tilsett i lokalaviser og Aftenposten. Eg arbeidde med mellom anna oppdrettsstoff i Aftenposten på den tida det var cowboytilstandar i oppdrettsnæringa, og fekk stort spelerom. So stort spelerom fekk ikkje journalistane som arbeidde med rot og samanblanding av private og offentlege midlar i Oslo kommune. Det vart for nært, og kunne få mykje større konsekvensar for Aftenposten og deira kjeldenettverk. Avisa vart i slike saker meir prega av at ”nokon snakka saman”. I den samanhengen kjem ein ikkje bort ifrå at lobbyisten og SV-rådgjevaren Stein Ørnhøi nyleg sa til lobbyistar for ein svensk flyfabrikk at han skulle tala med politisk redaktør Harald Stanghelle for å få roa ned ein Aftenposten-journalist som arbeidde med saka om norske flykjøp. Om eg trur Stanghelle når han seier at mange ringjer til han, og at det ikkje er så lett som Ørnhøi seier, er uinteressant. Det eg trur, er at mange ringjer til redaktørar både i lokalaviser og storaviser. Slike samtalar er arbeidsreiskap for avisene. Det viktige er å hindra at dei som tek slik kontakt, vert avisene sine usynlege, men fungerande redaktørar på saksområda.
Eg vil understreka at både Aftenposten og lokalavisene har andre oppgåver enn berre å driva gravande journalistikk. Likevel, ei avis, det anten vere seg Aftenposten eller ei lokalavis, som ser andre vegen når det dukkar opp alvorlege saker, vil i lengda tapa truverde. I så måte har Aftenposten ein lang veg å gå for å få att truverde når det gjeld tilhøvet Noreg har til EU.

Arve M. Bakken, tidlegare lokalavisredaktør og Aftenpostenjournalist

Powered by Labrador CMS