7 år gamle Amalie Haugland Lunde og søstera Emmelin (10) har laga fly av peparkakedeig.Foto: Irene Mæland Haraldsen
7 år gamle Amalie Haugland Lunde og søstera Emmelin (10) har laga fly av peparkakedeig.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Peparkakebygda i Ølen senter hadde som vanleg mange flotte og kreative bygg.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tuva Weider Haugland (t.v.) og Julia Bryczkowska gledde seg til å gå rundt juletreet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Leiar i Ølen Husflidslag, Bjørg Augestad, hadde mykje flott å by kundane som tok turen til husflidslaget sin julebutikk.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Små og store gjekk i fakkeltog langs Sjoargata.

Kakebygda fenga mange

Den flotte peparkakebygda på Ølen senter fenga mange då små og store strøymde til sentrum for å få med seg årets julegateopning.

Publisert Sist oppdatert

Det er tid for den årlege julegateopninga i Ølen sentrum og folk er i ferd med å samlast ved bygda sitt kjøpesenter ein knapp månada før juleaftan. Inne på Ølen senter står to forventningsfulle jenter og ventar på at klokka skal slå seks. Dei to søstrene Emmelin (10) og Amalie (7) Haugland Lunde har fått i oppdrag å klippa snora som markerer opning av peparkakebygda inne på senteret og nyttar ventetida til å plassere sitt eige bidrag til peparkakebygda.

— Me har laga dette flyet. Det skal fly masse nordmenn til utlandet. Me har laga det sjølv, men mamma var litt med, seier Emmelin og Amalie og peikar på flyet som dei har laga til utstillinga.

Også i år bognar det av fantasifulle og flotte peparkakehus laga av kreative barn og vaksne. Koronatestestasjonen i Ølen har fått ein sentral plass i bygda som også består av ein barnehage, ei kyrkja og fleire fantasifulle småhus.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS