— Me bestemte oss for å delta i går kveld. Dette er mitt fyrste løp så eg var spent, men det gjekk fint syntest eg. Eg har gått løypa før så eg visste kva eg skulle ut på. Og så var me jo to samen, fortel Margrethe Tungesvik.
Saman med systera Kathrine Tungesvik Matre kom ho i mål på om lag ein time, ein stor prestasjon i fylgje speaker John Karsten Hustveit. Han har sjølv vore deltakar og meiner at alt under ein time er ein stor prestasjon.
Ingen rekordar