Omdisponering av dyrka jord skal ikkje overstiga 2000 dekar årleg.
Foto: Frank May / NTB / NPK
Jordvernmålet nådd for første gong i 2021
Det er også det lågaste nivået sidan ein byrja å føre statistikk over jordvern i 1967, ifølgje kommune-stat-rapportering (Kostra). Det opplyser Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding
onsdag.
Det har vore ein vesentleg reduksjonen frå nivået i 2020, som var cirka 4.700 dekar. Åra før var omdisponeringa på 3.900, 3.600 og 3.800 dekar.
Omdisponering betyr at det blir gitt løyve til at dyrka jord eller dyrkbar jord kan brukast til andre formål enn jordbruksproduksjon, ifølgje Landbruksdirektoratet. I utgangspunktet er det forbode med omdisponering, men kommunen kan i særlege tilfelle gi løyve.