Icelandair og Fjord Norge har inngått eit samarbeid for å tiltrekke fleire internasjonale turistar til Vestlandet. (F.v. framme) Stein Ove Rolland, adm.dir. i Fjord Norge; Gísli S. Brynjolfsson, global marknadsdirektør i Icelandair; (f.v. bak) Sigurlaug Petursdottir, kabinpersonale Icelandair; Axel Haraldsson, pilot i Icelandair.
Foto: Erik Hatleli Aasen / Fjord Norge / NPK
Islandsk flyselskap satsar meir på Vestlandet
Icelandair og reiselivsportalen Fjord Norge har inngått eit samarbeid for å trekke fleire internasjonale turistar til Vestlandet.
Flyselskapet utvidar tilbodet sitt til Bergen og vil bruke større fly frå neste vår, noko som kan gi over 139 millionar kroner i moglege inntekter frå turistar til regionen neste sesong, skriv Icelandair i ei pressemelding.
Icelandair har allereie sett ein auke på 26,4 prosent i passasjerar til Bergen samanlikna med i fjor. Turistar frå Nord-Amerika står for 55 prosent av veksten, medan Asia og Europa står for høvesvis 30 og 15 prosent.