Dei siste åra har det vore ryddedygnad i Etne, og i 2017 tok det berre eit par timar før dugnadsgjengen fylte over 50 sekker med søppel.
Foto: Privat
Inviterer til vårrydding
Etne kommune inviterer innbyggjarane til å vera med på vårrydding også i år. Skal kommunen haldast fin og rein, må det samarbeidast.
På Etne kommune sine heimesider blir alle privatpersonar, lag og organisasjonar i Etne inviterte til å vera med på å gjera ein innsats for å halda kommunen rein og ryddig. Når vinteren slepp taket er det mykje rart som kjem til syne, og slikt forsvinn ikkje av seg sjølv.
Ryddeaksjonen som er i gang er eit samarbeid mellom Etne kommune, Hold Norge Rent, og Friluftsrådet Vest, og containerar blir plasserte ut både ved Skånevik gamle skule, ved drift- og vedlikehaldsbygget til Etne kommune på Enge, ved Sørstranda grendahus og på Fjæra kai.
Etne kommune opplyser at desse containerane blir ståande ut veke 22 – altså ut mai månad.