Catherine Chimba står i bresjen for Mitt fargerike nabolag. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Catherine Chimba står i bresjen for Mitt fargerike nabolag. Arkivfoto

Inviterer til ny internasjonal matfest

Laurdag blir det duka til matfest i Ølen åttande gong, og på bordet vil det stå gode rettar frå minst elleve nasjonar. Integreringsdagen er ei påminning om at alle er like inni, om dei er forskjellige utanpå.

Publisert Sist oppdatert

Den internasjonale fest på kulturhuset i Ølen, som no har fått det klingande namnet Sjøperlo, har vore godt besøkt. Og arrangementet har fått eit godt feste hos folk, for allereie tidleg på hausten blir initiativtakar Catherine Chimba kontakta av folk som har eit ønskje om å vera med.

— Me gler oss til denne dagen, og me har litt ekstra fokus på dei nye flyktningane i kommunen. Dei har ikkje vore med på dette før, og eg trur det vil bli ei fin oppleving for dei, seier Chimba.

Programmet blir mykje likt som det var åra før, men kvifor forandra på noko som folk likar?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS