Innovativt framtidsblikk på landbruket
Dyrking av hjartenøtter og biogass var blant dei innovative prosjekta i Vindafjord som blei presenterte under ein konferanse om framtidas landbruk på Haugalandet.
Det blei folksamt på Tysværtunet i Aksdal då Tysvær og Vindafjord kommune torsdag inviterte til nettverksmøte for landbruket på Haugalandet. Innovasjon og miljø var to viktige stikkord.
— Veldig positivt å sjå at så mange kom, og at engasjementet frå alle partar er så stort og tydeleg, seier Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord og konferansier for høvet i Aksdal.
Løft for heile regionen