Innbrotsraid i Vindafjord
I løpet av 1. påskedag har politiet fått melding om innbrot i tre bustader i Vindafjord. Det første blei meldt ca kl. 10.00, i Hålandsbakken i Sandeid.
Politiet etterlyste først vitne frå Etne sentrum, men det viser seg at dette dreidde seg om Sandeid sentrum.
Annonse
Ettermiddag same dag blei det meldt om innbrot i to einebustader i Øvre Vats. Politiet har foretatt åstadgranskingar. Ut frå modus meiner politiet at det er samme gjerningsmenn ved alle tre innbrota.
Innbrota i Vats skjedd i løpet av siste tre til fire dager. Førebels har politiet ikkje heilt oversikt over kva som er stole.
Politiet er svært interessert i opplysningar frå vitne. Vindafjord lensmannskontor etterforskar forholda vidare.