Politiet gjorde måndag føremiddag undersøkingar etter nok eit innbrot ved Bjoa skule. Til høgre er rektor Gunnar Norenes.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Innbrot ved Bjoa skule
Det har ikkje gått eitt år sidan førre gong uvedkommande tok seg inn på Bjoa skule. No har det skjedd på nytt.
Rektor Gunnar Norenes fikk seg ei lei overrasking då han låste seg inn på Bjoa skule måndag morgon. Der har uvedkommande i løpet av helga tatt seg inn.
— Så langt ser det ikkje ut til at noko særleg av verdi er borte. Men det er romstert fælt både på mitt og på sekretæren sitt kontor, fortel han.
Undervisning som normalt