Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ingen kunne hjelpe då hunden blei sjuk

Publisert Sist oppdatert

For fem veker sidan blei hunden til Ingrid Haugen (32) i Sandeid alvorleg sjuk. Puddelen hadde eit kvalpekull og fekk jurbetennelse som utvikla seg raskt. Ved åtte tida om kvelden tok matmor kontakt med veterinærvakta for å få hjelp. Men då ho ringde vakttelefonen for Vindafjord og Etne fekk ho beskjed om at dei ikkje hadde medisinar. Ho blei råda til å ta kontakt med smådyrvakta for Haugalandet, men heller ikkje her fekk ho hjelp.

— Eg blei avvist då eg sa kor eg budde. Dei viste meg til den lokale veterinærvakta som eg nett hadde vore i kontakt med, fortel Haugen som blei svært frustrert over å ikkje få hjelp.

Då klokka nærma seg midnatt blei ho ganske desperat. Alternativet var Stavanger, men det var vanskeleg å dra av garde med hund og kvelpar. Etter å ha kontakta den lokale veterinærvakta igjen, blei det bestemt å venta til morgonen kom.

Powered by Labrador CMS