Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne.kommune.
ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Influensaen herjar lokalt – her er kommuneoverlegen sine råd
No herjar influensaviruset i Grannar-distriktet. — Netflix og Paracet er kuren, seier kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne kommune.
Ligg du slakk og utslått på sofaen heime i dag? Du er ikkje åleine.
— Det er hos oss som i resten av landet. Influensasesongen er over oss, og me ser fleire sjukdomstilfelle lokalt i år enn i fjor, seier kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne.
Ho fortel at både RS-virus og andre influensavirus er i sving, og at dei råkar menneske i alle aldrar.