Vifteomnar kan lett velte og ta fyr.
Foto: Frende Forsikring
Ikkje bruk vifteomnar om natta
Det oppstår om lag 50 bustadbrannar kvart år som følgje av feil bruk av varmeomn.
– Aldri bruk vifteomn når du ikkje er vaken og til stades, seier Øystein Øren, brannekspert i Frende Forsikring, i ei pressemelding.
Mange får besøk i jula og ønskjer å varme opp gjesterom i vinterkulda. Øren åtvarar mot å setje inn ein vifteomn og lukke døra.
Han forklarer at små vifteomnar er ein større risiko enn fastmonterte varmeomnar fordi dei enklare kan velte.