Kine Nesheim og Tom Roger Aadland har funne tonen i låta September». Pressefoto
I spann med Kine Nesheim
Musikaren Tom Roger Aadland er aktuell med singelen September» saman med Kine Nesheim.
I fjor haust begynte Tom Roger Aadland som er frå Vikebygd, å skriva songar på dialekt. Då dette gav ideen til September», visste han straks at det måtte bli ein duett med haugesundsartisten Kine Nesheim. September» er ein mørk, melankolsk og romantisk ballade, på same tid vakker og rå. Musikalsk ligg dette godt inne i rocken, men den sterke melodien gir låten noko av popens dimensjonar, heiter det i eit presseskriv frå dei to musikarane.
Tom Roger Aadland har gitt ut ni kritikarroste soloalbum, og skrive tekstar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn. Sidan gjennombrotet med Blod på spora», har han vore blant landets fremste låtskrivarar på nynorsk. Han har hatt ei rekkje P1-lista låtar, mellom anna Alle dei i ei» og Min beste ven på ein dårleg dag». Vikebuen er også kjent for sine Dylan-gjendiktningar, som for tida gjer suksess på Det Norske Teater.
Kine Nesheim er artisten som tjue år gammal var Norges nye pop-håp» ifølgje VG. Ho samarbeidde med namn som Guy Chambers (Robbie Williams) og Shep Solomon (Britney Spears), og hadde publishing-avtale med Universal Music UK. Men like før debutalbumet skulle ut, hoppa ho av popkarusellen. Kine brukte nær ti år på å få tilbake skrivelysta og songgleda. Debutalbumet Ein aen gong» (2020) fekk ei strålande mottaking. Ho har vore P1-lista med låtane Bli» og Då eg såg deg sist».