I mål med bygdebøkene om Vikedal
Dei siste åtte åra har Tone Skipevåg Andreassen, Ola Vikedal, Bjørg Sørheim og Ola Gjerde utgjort bygdeboknemnda i Vikedal, og resultatet ligg snart innbundne i to tjukke sogebøker. Bileta er det Anne Berit Skipevåg Tveit som har hatt ansvaret for. Bøkene er forfatta av Kari Hempel og Arne Langhelle, gjennom universitetet i Stavanger, der Nils Olav Østrem har vore med som redaktør. 12. desember blir det lansering og bokfest i Vikedal bygdehus, og sogebøkene som blir selde samla som bind 1 og bind 2, kjem i opplag på 600. Allereie er over 320 av dei førehandsbestilte.
— Me ser tilbake på eit langt, godt og travelt samarbeid, og hadde det ikkje vore for at me treivst så godt i lag hadde me ikkje orka dette i så mange år. Berre så synd at Ola ikkje får oppleva at bøkene blir ferdigstilte, seier Bjørg Sørheim.
Ola Gjerde døydde brått i august, og ifølgje trioen som sit tilbake har Gjerde lagt ned eit stort arbeid i bøkene.