I gang med storutbygging
Fatland Ølen ser føre seg å kunne auke produksjonen kraftig når det nye produksjonsanlegget er ferdig.
Det nye produksjonsanlegget som er under bygging i Ølen, er venta ferdig i 2027. Dei byrja å byggje i juni 2025. Kontrakten med Helgesen Tekniske Bygg (HTB) er verdt 213 millionar ekskludert mva. I tillegg vil innreiing kome i tillegg. Bruttoarealet kjem til å vere 11.750 kvadratmeter, samt 3.200 kvadratmeter teknisk himling. Materiala dei nyttar til bygging er hovudsakleg betong og metall.
— Dette er det største tilbygget me har bygd til no. Bygget vil gi oss høve til å doble produksjonen i alle ledd – slakting, skjering, foredling og pakking, seier Svein Fatland, styreleiar i Fatland Gruppa.
Helgesen Tekniske Bygg (HTB) har fått ansvaret for å oppføre det nye tilbygget som vert plassert på baksida av det noverande anlegget. Underleverandørane er lokale, der til dømes Vikedal mur og anlegg står for gravinga.
Fokus på berekraftige løysingar
Om alt går etter planen vil det innehalde eit robotlager, kjøl og frys. Etterkvart vil det også bli sett inn produksjonslinjer når det trengst. Det vert lagt stor vekt på berekraftige løysingar under bygginga. Blant anna gjennom varmegjenvinning og solcelleanlegg.
— Bygget er i ypparste klasse. Det vil auke både konkurransekraft, kvalitet og leveringsgrad. I tillegg vil det gi oss større moglegheit for å utvikle nye produkt, fortel Fatland.
Produksjonen vil i hovudsak innehalde det same som er i dag. Likevel vil anlegget bidra til eit endå større produksjonsspekter.
— Me kan betene nye kundar og tilby eit breiare sortiment av varar. Spesielt på grunn av automatisert lager og større kjøl. Me ser verkeleg fram til å få start på produksjonen og fortsette å utvikle Fatland Ølen for tilsette, kundar og bønder, avsluttar Svein Fatland.