Haugaland og Sunnhordland tingrett
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Huskjøparar tapte mot forsikringsselskap
Kjøparane meinte ein bustad i Etne var i vesentleg dårlegare stand enn forventa, men retten har no konkludert med at dei ikkje hadde krav på prisavslag eller erstatning.
Kjøparane av ein eigedom i Etne gjekk til sak mot forsikringsselskapet Protector Forsikring ASA. Dei hevda at bustaden hadde fleire skjulte manglar som ikkje var opplyste ved salet. Dei kravde eit prisavslag på meir enn 900.000 kroner og erstatning for tapte kostnader, inkludert utbetring av konstruksjonsfeil og skader etter skadedyr.
Då partane møttast i Haugaland og Sunnhordland tingrett nyleg, viste kjøparane til fleire tilstandsrapportar som dokumenterte omfattande feil, mellom anna i takkonstruksjonen, etasjeskiljet og ytterveggene. Dei meinte at desse skadane gjorde at bustaden var i vesentleg ringare stand enn det dei kunne forvente etter avhendingslova.
Avviste kravet