Huff og huff her lukta det gris !!
Desse personane er å rekne som profilerte personar i bygda. At eit slikt prosjekt kan […]
Desse personane er å rekne som profilerte personar i bygda. At eit slikt prosjekt kan møtast med skepsis hjå enkelte, vil vel vera normalt. Likeeins at ein har ulike oppfatningar om saker og ting. Det som derimot er spesielt med desse oppslaga, er at her er det om å gjera å misbruka avisene for å fremja nokså snevre og ganske private interesser. Ein velkjent måte når ein har lite saklege argumenter for å fremja sin sak, eller sitt synspunkt. For mange av oss som lesarar og sambygdingar er det nokså provoserande å sjå at avisene lar seg bruka til slike oppslag. At eigaren av Old River Saloon står fram og fryktar at dette øydelegg hennar planar for sin eigedom, er for mange vanskeleg å forstå. At lukt frå avtrekkevifter og skitkjøring skal verta til nemneverdige problem for naboar og verksemder her nede i Øyane, meir enn andre plasser i bygda, fell på sin eigen urimelegheit. Eller at dette skal skapa problem for Etnemarknaden eller for utbygging av kulturhus, er og temmeleg spekulative påstandar. Det kan vel henda at ein og annan nabo gjerne kan irritera seg på drifta av Saloonen på kveld og nattetid. Eller at naboane som ligg rundt Asvo-bygget heller ikkje alltid synest det er like kjekt med både støy og lukt frå avtrekksviftene som står der og durar.
Vil gjerne minna om at det før Asvo-utbyggingane dei seinare åra har måtta til både omreguleringar og dispensasjonar for å få prosjekta
gjennomførte. Me veit alle kven som har ivra mest for å få utvikla dette anlegget til det det er i dag. Vil her understreka at underteikna ikkje har noko imot verken drifta av Asvo eller Old River Saloon. Men eg vil peika på
at profilerte personar nytta sin status som småkjendisar, til å gå ut i avisene med snevre synspunkt for eller imot det som skjer i bygda.
Vanlege folk som ikkje er profilerte nok, går heller ikkje går ut i avisene med slikt. At vår tidlegare og veldig profilerte eks-ordførar også nyttar høvet til å formidla for all verda at det ikkje er enighet innan hans familie om desse planane, fortel vel meir om han, enn om problema med prosjektet. Logikken i denne form for argumentasjon er vanskeleg å få tak i når han uttalar at han ikkje vil kalla dette for fjøs men fabrikk. Samstundes uttalar han at dette burde vore bygd på Hauane. Kjære vene ! Det skulle vel høva sers godt med ein grisefabrikk så nært eit industriområde, og ikkje på Hauane, der det ikkje er industriområde. At dette prosjektet elles skal vera til hinder for og betyr kroken på døra for all utvikling i dette området, er rett og slett sprøyt. Dei som planlegg dette prosjektet har heilt sikkert vurdert og konkludert med at den beste plasseringa er i Øyane, ikkje minst på grunn av transport av gjødsel. Spreiearealet som skal nyttast, ligg i hovudsak nært til den planlagde lokaliseringa.
Det herskar vel liten tvil om at verken vår tidlegare ordførar, eller vår alles kjære Nils i verktøybua akkurat har vorte kjendisar på å fremja landbruket sin sak dei siste ti femten åra. Men å hevda at det er galskap å setja opp eit grisehus på denne eigedomen, der det har vore gris og griselukt lenge før det var noko som helst anna enn gardsdrift og evjer i dette området, vitnar om heller dårleg dømekraft. Det har vore gjort mange krumspring, ikkje minst politisk dei seinare åra, angiveleg for å sikra både industri og næringsutøvarar utviklingsmuligheiter. Flate og fine landbruksområde er bygde ned for å stetta både offentlege og private behov for areal. Noko av dette har vore uungåeleg, men underteikna vil derimot hevda at galskapen i dette området er at industriutbygginga no er komen over på austsida av vegen til Tongane.
Og at sterke krefter i bygda ser det som problematisk at kommunen og politikarane våre tillet å setja i gang eit grisehusprosjekt på eit areal som er eit privat gardsbruk, og som ligg i eit regulert område for landbruk. Er det altså no slik å forstå at ein skal byrja å hindra gardbrukarar i å utvikla si verksemd, til fordel for alt anna? Eller skal ein nå byrja blanda seg opp i kva den enkelte grunaneigar ynskjer å utvikla på sin eigedom.? Det hadde vel i så tilfelle vore betre og sett seg litt rundt og funne område inne på allereie etablerte industriområde både på Tongane og i Steinshagen. Her ligg område som er ute av bruk, og berre vert nytta til oppsamling av skrot. Kunne kanskje og vore noko for avisene å rota litt i, ikkje berre skaffa plass til oppslag for særinteresser ?
Det vert også hevda frå Nils Ramsvik si side at han saknar langsiktig tenking frå kommunen si side. Problemet ditt Nils, er at kommunen og bygda før øvrig si langsiktige tenking heldigvis ikkje alltid er i tråd med di langsiktige tenking. (jamfør dei siste vegplanane dine). Det kommunale planarbeidet skal så langt råd er koma i møte flest mogleg av småsamfunnet sine interesser og behov. Det vert feil å etterlysa langsiktig tenking kvar gong ein er ueinig i avgjersle og vedtak. Når ein då går så langt at ein vil starta underskriftsaksjon mot dette prosjektet, synest eg det er å gå for langt.
Avslutningsvis vil eg oppfordra politikarane som skal handsama denne saka vidare, til å vidareføra komité natur si vurdering og vedtak. Og ikkje la seg påverka av avisoppslag og særinteresser som er kome sterkt fram i det siste.
Eg vil ynskja grisefabrikkbyggjarane lukke til vidare, bygda treng friskusar som dokke som er modige nok til å satsa ! Mange eg har snakka med”
kan vera med og stilla seg bak dette, og støttar opp om planane. De må ikkje missa motet sjølv om de tydelegvis vil satsa i feil » næring. Kva med heller å satsa på verktøybu, medisinutsal, eller rett og slett bilforretning. ?
Steinar Frønsdal
Etne